Verdsmeisterskapen i orientering 2010

Verdsmeisterskapen i orientering 2010, den 27. i sitt slag, vart avvikla i Trondheim dagane frå 7. til 15. august. På programmet stod seks individuelle tevlingar og to stafettar, likt fordelt menn og kvinner. Deltakarane kom frå 42 land. Det var tredje gongen orienterings-VM fann stad i Noreg, den førre i 1997.

Noreg og Sveits vann høvesvis åtte og sju medaljar. Sveits tok tre gull, to sølv og to bronsar, medan dei norske utøvarane sikra seg to gull-, fire sølv- og to bronsemedaljar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy